Klargjør siden...

Sindre Finnes: – Det er ikkje så farleg å vere gift med ein statsminister

Med boka «Ved Ernas side» vil Sindre Finnes få fram bodskapen om at det går an å ha eit heilt alminneleg familieliv – sjølv om ein er gift med statsministeren.

I over 30 år har dei kjent kvarandre, i over 25 av dei har dei vore gift. Fredag kjem Sindre Finnes, ektemannen til Høgre-leiar og tidlegare statsminister Erna Solberg, med versjonen sin av korleis denne tida har vore.

«Ved Ernas side» er tittelen han har gitt boka, som er skriven i samarbeid med Dagblad-kommentator Martine Aurdal.

– Eg ville fortelje litt om livet rundt ein statsminister, og korleis kvardagen blir når ein lever med ein, seier Finnes til NTB.

Alminneleg liv

Hovudbodskapen i boka er at sjølv ein statsministerfamilie kan ha eit heilt alminneleg liv – også når det stormar rundt hovudpersonen.

– Det viktigaste har vore å fortelje at desse åra der det har vore uro rundt Erna, så var ikkje det noko vi i familien kjende så mykje på. Det var mest mediedrive, seier Finnes.

– Hets og trolling kan vere ei utfordring. Men eg håpar eg kan vere med og fortelje at dette er ein situasjon som ikkje treng å påverke familien så mykje. Det er ikkje så farleg, seier han.

Å fortelje ei historie som spenner over meir enn 30 år, kan vere vanskeleg, medgjev forfattaren. Særleg utan at det går ut over nokre enkeltpersonar.

– Det kan jo vere freistande. Eg har prøvd å ikkje fokusere for mykje på dette, men meir på prosessar og avgjerder. Til dømes er det jo veldig spennande korleis Noreg har vorte ein langt viktigare internasjonal aktør enn det 5,5 millionar innbyggjarar skulle bety.

Verne barna

Sjølv har han stort sett halde seg i bakgrunnen medan kona klatra oppover den politiske stigen og til slutt nådde topptrinnet. Sidan 1998 har han jobba som fagsjef i Norsk Industri. Året før vart hans eigen politiske karriere lagt på hylla.

Heime har oppgåva hans mellom anna vore å verne barna mot uønskt merksemd. Mellom anna skriv han dette om då heile familien stod på scena på Høgres valvake då dei blåblåe vann valet i 2013:

«Då merksemda vart retta mot oss, vart eg rørt. Takka, alle ansikta og hendene som
var retta i vår retning, gjorde inntrykk. Så skaut refleksen inn: Eg måtte
beskytte borna.»
– Det har vore ei todelt oppgåve, både å sørgje for at borna kan oppleve så mykje som mogleg saman med mor og far, og samtidig unngå at dei blir utsette for ting som ikkje kan reverserast. Dei skal få velje sjølve kor mange som kjenner dei igjen, seier Finnes.

Ingen sensur

Han beskriv kona som ein person som veks med oppgåvene.

– Og så er ho arbeidsam og snill, seier han.

Erna Solberg har fått lese delar av manuset undervegs. Men ho har ikkje fått sensurere boka, forsikrar Finnes.

– Nei, det har ikkje vore naudsynt. Ho meinte noko var uvesentleg og ikkje burde med, men eg tok det med likevel, seier han.

(©NPK)

Med boka «Ved Ernas side» trer Erna Solberg sin ektemann gjennom eit kvart hundreår, Sindre Finnes, fram i rampelyset. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Eit steg bak: Sindre Finnes har gjerne halde seg eit steg bak kona, Høgre-leiar og tidlegare statsminister Erna Solberg. Np kjem han med historia om korleis over tre tiår med henne har vore. Foto: Javad Parsa / NTB

Annonse