Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Italienaren Jannik Sinner fekk sin aller første siger over russaren Daniil Medvedev då han triumferte i ATP 500-turneringa i Beijing onsdag.
Publisert: 04.10.2023 kl 16:56
22-åringen vann 7-6, 7–6 i strake sett i den kinesiske hovudstaden. Dei seks første kampane mellom duellantane enda alle med siger til Medvedev, mellom anna i finalar i Miami og Rotterdam.
Denne gongen vart det for mange uprovoserte feil for russaren, medan Sinner imponerte med sterke andreservar og eit godt grunnslag. Italienaren vann 7–2 i dei to tiebreakane i kampen.
Sinne slo toppseeda Carlos Alcaraz i semifinalen. I kvartfinalen vann Alcaraz over Casper Ruud.
Sinnes siger betyr at han tek seg opp til fjerdeplass på verdsrankinga.
(©NPK)
Jannik Sinner med turneringssiger i Beijing. Foto: Andy Wong AP / NTB.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.