Siv Jensen ber Trygve Slagsvold Vedum byte side

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er i selskap med skattekåte utgiftsparti, meiner Frp-leiar Siv Jensen. No ber ho Senterpartiet om å byte side.

Arbeidarpartiet vil auke skattar og avgifter med 9,7 milliardar. SV med 18 milliardar, MDG med om lag 30 milliardar og Raudt omkring 30 milliardar.

Men Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedums alternative budsjett matchar omtrent skatte- og avgiftsnivået til regjeringa. Dei finn òg rom for avgiftslette på 3,7 milliardar.

Det gjer at Frp-leiar Siv Jensen meiner Senterpartiet er på feil side i politikken.

- Alt det Vedum seier, tilseier at han burde samarbeide med Frp, men han legg i staden opp til å samarbeide med dei mest skattekåte partia i Noreg. Viss han oppriktig meiner det han seier, er han hjarteleg velkommen til å samarbeide med Frp, seier Jensen til Dagbladet.

Jensen blir likevel møtt med ei kald skulder frå Vedum.

- Sidan Frp kom inn i regjering, har dei auka avgiftene med 6,3 milliardar og sørgt for vekst i det statlege byråkratiet. Dei har sett i gang sentraliseringsreformer, det lokale politiet er svekt, og det er no meir ulv enn nokon gong. Av alle desse grunnane er det utenkeleg for Senterpartiet å samarbeide med Frp i regjering, seier Sp-leiaren.

(©NPK)

Partileiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum gjer det klart at eit regjeringssamarbeid med Frp og Siv Jensen er uaktuelt. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix