Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Finanstilsynet har gode nok verktøy til å følgje med på kva norske bankar og dotterselskapa deira driv på med, også i utlandet, meiner finansminister Siv Jensen (Frp).
npk@npk.no
Publisert: 12.04.2016 kl 18:10
Det kjem fram i eit svarbrev frå statsråden til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité tysdag ettermiddag.
– Eg vurderer det slik at Finanstilsynet har tilstrekkeleg mandat, heimelsgrunnlag og ressursar for å utføre arbeidet sitt i tråd med dei måla og styringssignala som er gitt, skriv Jensen, som legg til:
– Eg vil likevel kontinuerleg vurdere behovet for å foreslå for Stortinget endringar i Finanstilsynets rammevilkår framover.
Eitt av spørsmåla er om Jensen meiner tilsynet er i stand til å «avdekke om norske bankkonsern har tilfredsstillende styring og kontroll for å sikre at bankene og deres datterselskap ikke legger til rette for ulovlig virksomhet som skatteunndragelser gjennom pengeplasseringer i skatteparadiser». (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.