Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Frp-leiar Siv Jensen tek til orde for å straffeforfølgje organisasjonar og reiarlag viss dei, slik ho ser det, bidreg til menneskesmugling i Middelhavet.
uvakt@ntb.no/kirsten.offerdal@npk.no
Publisert: 07.07.2020 kl 07:38
Til VG seier Jensen at ho har sett seg lei på Ocean Viking-saka.
– I praksis er dette eit kynisk politisk spel, og hjelpeorganisasjonar er faktisk med på å sponse menneskesmugling, noko òg reiarlag som leiger ut skip til denne verksemda, har ansvar for, seier Frp-leiaren.
Utspelet kjem i kjølvatnet av nødssituasjonen på redningsskipet Ocean Viking i helga, som har hatt 180 migrantar om bord. Migrantane vart redda opp av skrøpelege båtar i Middelhavet mellom 25. og 30. juni.
Skipet er eigd av norske Hoyland Offshore. Dagleg leiar i reiarlaget, Trym Jacobsen er usamd i kritikken.
– Dette må vere første gong livredning blir gjort til noko moralsk gale. Det kan vi ikkje anerkjenne. Når menneske er i ferd med å drukne, er det ei plikt å hjelpe, uavhengig av politisk eller religiøs ståstad, seier Jacobsen til VG.
(©NPK)
Migrantar på dekk om bord på det norskeigde skipet Ocean Viking søndag. Skipet har no fått gå til kai i den italienske byen Porto Empedocle. Foto: Flavio Gasperini / SOS Méditerranée / AP / NTB scanpix
– I praksis er dette eit kynisk politisk spel, seier Siv Jensen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Redningsskipet Ocean Viking er norskeigd. Foto: Fabio Peonia / LaPresse / AP / NTB scanpix