Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Magnus Carlsen heldt fram storforma frå grunnspelet då han overkøyrde Peter Svidler i den første semifinalen i Legends of Chess-turneringa.
peder.skjelten@npk.no
Publisert: 31.07.2020 kl 18:25
Det betyr at Carlsen framleis ikkje har tapt ein kamp i turneringa. Takka vere to sigrar med svarte brikker slo han russiske Svidler 2,5-0,5. Det var avgjord etter tre av fire parti.
Carlsen slo Svidler òg måndag, då med 2,5-1,5. Fredag gjentok nordmannen bedrifta og sikra med det den tiande strake sigeren i turneringa.
Med svarte brikker starta Carlsen svært godt og vann det første partiet. Det gav han eit strålande utgangspunkt, men den norske sjakkstjerna klarte berre remis i det andre partiet med kvite brikker.
Carlsen vann igjen med svarte brikker i det tredje partiet, og dermed var triumfen i boks.
Semifinale nummer to blir allereie spelt laurdag, medan ein eventuell tredje duell går dagen etter. Finalen blir spelt gjennom tre oppgjer frå 3. til 5. august.
I den andre semifinalen speler Jan Nepomnjatsjtsjij og Anish Giri, men der er det enno ikkje kåra ein vinnar.
(©NPK)
Magnus Carlsen er utan tap i Legends of Chess-turneringa. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix