Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Magnus Carlsen gav opp partiet mot Hans Niemann i årets sjuande Champions Chess Tour-turnering med vilje etter berre to trekk. Avgjerda blir slakta.
stian.grythaugen@ntb.no/ragnhild.marie.kjosbakken@npk.no
Publisert: 19.09.2022 kl 19:13
Sist oppdatert: 19.09.2022 kl 20:05
Partiet mot 19 år gamle Niemann måndag vart sett fram til med enorm interesse etter at Carlsen og Niemann så til dei grader har prega debatten i sjakkmiljøet dei siste vekene.
Det heile enda i eit nytt drama og eit antiklimaks. Etter berre to trekk valde Carlsen å avslutte kampen ved å gi opp partiet.
– Det er fullstendig uakseptabel åtferd å tape med vilje. Det er det mest usportslege som finst i konkurranseverda, sa TV 2s sjakkekspert Jon Ludvig Hammer på sendinga til kanalen.
– Verdssjakkforbundet har eit etisk regelverk. Mange trudde at grunnen til at Magnus ikkje ville utdjupe skuldingane sine, var at Magnus risikerte å bli sanksjonert dersom han kom med skuldingar utan bevis. Det kan ha vore ein del av grunnen til at han ikkje gjorde tydeleg kva han meinte, men når han no taper med vilje i eit parti, kan det vere ei åtferd som kan sanksjonerast på lik linje med å skulde ein motstandar for juks, sa han.
Hans Olav Lahlum peika på at det kan bli svært problematisk dersom Niemann tek seg til utslagsrundane med knapp margin – og dermed indirekte som følgje av Carlsens omstridde avgjerd.
NTB har prøvd å komme i kontakt med Champions Chess Tour-sjef Arne Horvei måndag, utan å få svar.
NRKs sjakkekspert Torstein Bae er overraska over dramaet som gjekk føre seg måndag kveld.
– Eg synest det er veldig merkeleg at han vel å stille og gi seg på den måten. Viss han føler at det er heilt umogleg å spele mot Niemann, så meiner eg han berre burde la vere å stille til partiet. Dette blir veldig demonstrativt, seier han til NTB.
Sjakkeksperten seier vidare at Carlsen openbert vil ha fram eit poeng, men peikar samtidig på at verdsmeisteren er stum som østers med omsyn til å setje ord på det han meiner.
Bae trur presset no kjem til å auke ytterlegare rundt at Carlsen må komme på banen.
– Det er det som må bli konsekvensen, seier han.
Bae vil samtidig ikkje utan vidare gå ut frå at Carlsen blir straffa for tapet med vilje måndag. Han trur imidertid ikkje nordmannen skaffar seg tilhengjarar.
– Det er Magnus som no fører fleire og fleire over i leiren til Niemann. Dei handfaste bevisa (på juks) manglar framleis, og no kjem dette som mange vil tenkje er litt barnsleg. Det er vanskeleg å skjønne kva Magnus vil med dette, seier sjakkeksperten.
Bakgrunnen for disputten mellom Carlsen og Niemann er at nordmannen nyleg trekte seg frå storturneringa Sinquefield Cup i USA etter å ha tapt for nettopp Niemann. I etterkant har det sirkulert hissige rykte om at årsaka var juks frå amerikanarens side.
Carlsen har ikkje gitt offentlege utsegner i etterkant av episoden, men la ut ei melding på Twitter i etterkant av Sinquefield-exiten. Den inneheldt ein video der fotballmanageren José Mourinho seier:
– Viss eg snakkar, så hamnar eg i store problem. Store problem. Og eg ønskjer ikkje få store problem.
Niemann har fleire gonger avvist på det mest bestemde at han gjorde seg skuldig i juks i Sinquefield Cup. Også sjefsommaren i den årlege turneringa har vore ute og avvist at det finst indikasjonar på ureint spel.
TV 2-ekspert Hammer meiner at Carlsens overraskande grep måndag fjernar all tvil rundt situasjonen.
– No er i alle fall all tvil feia av brettet. Magnus Carlsen meiner at Hans Niemann er ein juksemakar og nektar å spele mot han, sa han.
Carlsen innleidde den pågåande Champions Chess Tour-turneringa med tre sigrar og ein remis søndag. Han leidde då turneringa. Også Niemann starta sterkt.
Måndag opna den norske verdsmeisteren dagen med remis i første parti mot tsjekkaren David Navara. Carlsen hadde på eit tidspunkt eit kjempeovertak i stillinga, men nordmannen fann ikkje dei rette trekka.
Dermed kunne Navara redde remis med svært sterk forsvarssjakk i avslutninga.
Carlsen møter Levon Aronian og indiske Rameshbabu Praggnanandhaa i dei to siste partia måndag.
Det er ikkje utenkjeleg at Carlsen og Niemann kan møtast i utslagsrundane i turneringa. Spørsmålet er kva nordmannen då gjer. TV 2-ekspert trur han vil trekkje seg då òg.
– Han må jo det, sa han måndag.
(©NPK)
Magnus Carlsen speler Champions Chess Tour. Foto: Carina Johansen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.