Klargjør siden...

Sjette opprykk for AFC Wimbledon

(NPK-NTB): «Protestklubben» AFC Wimbledon kan juble over opprykk til nivå tre i det engelske ligasystemet etter 2-0-seier over Plymouth. Det er lagets sjette opprykk på 14 år.

I det 78. minutt tok det av på Wembley i opprykksfinalen mellom supportereigde AFC Wimbledon og Plymouth.

Då sette Lyle Taylor inn sin 23. scoring for sesongen, og Wimbledon tok leiinga 1– 0. Ti minutt på overtid skaffa Adebayo Azeez straffe for dei blå og gule, og Adebayo Akinfenwas scoring fastsette sluttresultatet til 2– 0.

– Det er dette draumar er laga av. Det å score og vinne er ei fantastisk kjensle. Vi var «underdogs». Det er ikkje berre Leicester som kan klare det, seier Akinfenwa etter sigeren.

Før opprykkskampen skrev Skysports at 34-åringen er ferdig i klubben.

– Det finst ingen betre måte å forlate klubben på. Eg er vel teknisk sett arbeidsledig no. Så managerar: ta kontakt og skaff meg ein jobb, held mannen som har fått kallenamnet «the Beast» fram.

AFC Wimbledon blei stifta av fans i 2002 i protest over at Wimbledon FC skulle flyttast til Milton Keynes. Klubben bytta òg namn til Milton Keynes Dons. «Protestklubben» starta på nivå ni, men i 14 år har dei klatra sakte, men sikkert oppover i ligasystemet. Sigeren over Plymouth måndag betyr kampar mot nettopp MK Dons neste sesong. (©NPK)

Annonse