Klargjør siden...

Sjøfugl brukar plast til reirbygging

(NPK-NTB-Nina Haabeth): Bilete av sjøfugl som brukar plast til reirbygging, vekkjer oppsikt. – Det er no tydeleg at marint søppel er eit problem for dyrelivet i havet, seier Bjørn Einar Grøsvik i Havforskingsinstituttet.

Grøsvik og ei gruppe forskarar er på eit tokt i Nordsjøen for å ta prøvar av botnfisk i heile Nordsjøen. På turen har ein av forskarane fanga tre unge havsuler med marint søppel i nebbet.

– Vi såg fuglane midt i sentrale Nordsjøen. Fuglane bruker tydelegvis tauverket til å byggje reir, og det er ikkje utan risiko. Mange fuglar set seg fast i tauverket, eller får det rundt delar av kroppen, seier Grøsvik og viser blant anna til Daily Mail som har dokumentert at havsuler frå Grassholm vest for Wales plukkar søppel og taubitar til reirbygging i staden for å bruke tang.

Forskingstoktet er eit samarbeid mellom havforskingsinstitutta i landa rundt Nordsjøen.

– Vår oppgåve er å ta prøvar av fisk, sediment og vatn for å gjere analysar av miljøgifter, mikroplast og radioaktivitet for å registrere eventuelle endringar i miljøtilstanden i Nordsjøen, fortel Grøsvik til NTB.

– Eksempelet med havsule viser at marint søppel er eit problem for dyrelivet i havet. Den einaste måten å unngå slike effektar på, er å redusere utsleppa. Plastprodukt har ekstrem lang nedbrytingstid i havet, kanskje fleire hundre år, seier Grøsvik.

Han understrekar også at vi i dag manglar kunnskap om kva effekt plast har i den marine næringskjeda. (©NPK)

Annonse