Klargjør siden...

Sjokolade kan redusere demensrisikoen

(NPK-NTB): Eldre som et sjokolade, reduserer risikoen for alzheimer og anna kognitiv svikt betydeleg, viser ny forsking.

Det er konklusjonen frå portugisiske forskarar som presenterer funna sine i Journal of Alzheimers Disease i sommar. At kakaoprodukt er gunstig for hjernen er kjent, men det har ikkje tidlegare vore påvist ein så klar helsefordel over lang tid.

– Det er ein betydeleg reduksjon i risikoen, seier overlege dr.med. Håvard Bentsen ved Senter for Psykofarmakologi på Diakonhjemmet Sykehus i Oslo til NTB.

Han er spesialist i psykiatri og klinisk farmakologi og forskar på korleis kosthald påverkar hjernen.

Funna til dei portugisiske forskarane fell saman med funn i Hordalandsundersøkinga, som viste at regelmessig inntak av sjokolade over tid for personar i alderen 70 til 74 år auka sannsynet for å score bra på kognitive testar. (©NPK)

Annonse