Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Minst seks menneske er drepne etter at ekstremistgruppa al-Shabaab angreip eit hotell i Somalias hovudstad Mogadishu.
npk@npk.no
Publisert: 01.06.2016 kl 18:09
Sist oppdatert: 01.06.2016 kl 19:51
Angrepet mot Ambassador Hotel skjedde onsdag kveld. Ein sjølvmordsbombar sprengde først ein bil full av sprengstoff utanfor hotellet. Deretter storma fleire andre angriparar hotellet og begynte å skyte.
Ifølgje augevitne vart minst seks menneske drepne, mens andre seier talet på drepne er mykje høgare.
Hotellet ligg i sentrum av byen og er hyppig brukt av offentleg tilsette og folk i finansbransjen. Den militante islamistgruppa al-Shabaab seier dei står bak. Gruppa har også tidlegare gjennomført mange liknande angrep.
Tidlegare onsdag opplyste det amerikanske forsvarsdepartementet at ein av al-Shabaab-leiarane «truleg» vart drepen i eit amerikansk luftangrep 27. mai. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.