Annonse

Sjømannskirken registrerer stadig fleire sosialsaker

(NPK-NTB): I fjor var Sjømannskirken involvert i seks saker der barn blei sende heim til Noreg frå Spania. Ifølgje organisasjonen reier fleire familiar til utlandet for å unngå barnevernet i Noreg.

Sjømannskirken har dei to siste åra registrert 1.500 sosialsaker kvart år, skriv Vårt Land. Dei fleste sakene skjer i Spania, Tyrkia og Thailand. I sosialsakene må kyrkja kontakte og følgje opp med familie, venner, utanrikstenesta, helsevesen eller politi.

Sjømannskirken i Albir-Villajoyosa på Costa Blanca har oppretta Familieveiviseren, som er eit eige kontor for familiesaker. I fjor hadde kontoret 50 saker på bordet, og i 12 av dei blei barnevernet involvert. Seks barn og unge blei sende heim.

– I saker med høgt konfliktnivå, eller der spansk barnevern er involvert, rår vi familiane å flytta heim att til Noreg, seier dagleg leiar i Familieveiviseren, Sølvi Madsen, til avisa. (©NPK)

Annonse