Klargjør siden...

Sjuandeplass for Bøkko i Stavanger

(NPK-NTB): Håvard Bøkko fekk ein opptur da han gjekk inn til ein sjuandeplass på 1500-meteren i verdscupen i Stavanger fredag.

Bøkko har hatt ein veldig svak sesong, men gjekk eitt av dei beste løpa sine på lenge på 1500-meteren i Stavanger fredag.

Nordmannen gjekk på 1.46,80, 1,86 sekund bak vinnaren Denis Juskov frå Russland.

Bøkko var berre 0,34 sekund frå ein plass på pallen.

– Eg synest det var noko av det betre i år. Eg opna hardt og fekk ein litt tung sisterunde, men det var ikkje noko eg tapte på, sa han til NRK.

Belgiaren Bart Swings vart nummer to, mens nederlendaren Kjeld Nuis tok tredjeplassen.

Sverre Lunde Pedersen gjekk på 1.46,98. Det heldt til ein niandeplass.

– Eg føler eg kan betre og fekk det ikkje til å stemme i dag, sa han.

Sindre Henriksen enda på ein 19.-plass etter eit løp på 1.50,15. (©NPK)

Annonse