Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ole Einar Bjørndalen har slite med sjukdom og står over verdscuprennet i skiskyting i Ruhpolding i helga melder VG.
npk@npk.no
Publisert: 06.01.2016 kl 18:38
– Eg har slite med eit virus, men no er eg i gang med treninga igjen, seier Bjørndalen til avisa.
Han var ikkje med då det norske laget reiste til Tyskland onsdag. I staden får Alexander Os ein sjanse til å gå verdscup igjen.
Bjørndalen har vore Noregs beste skiskyttar så langt i sesongen og er nummer to i verdscupen samanlagt.
Også Tarjei Bø har slite med sjukdom i julepausen. Han gjekk glipp av ei veke med trening i romjula, men han kjem til å delta i Ruhpolding, der det er sprint fredag, jaktstart laurdag og fellesstart søndag. (©NPK)