Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Hillary Clinton, som slit med ein lungebetennelse, har framleis eit forsprang på Donald Trump i kappløpet mot Det kvite hus.
npk@npk.no
Publisert: 13.09.2016 kl 15:08
Det viser ei samanstilling av dei ferskaste meiningsmålingane som nettstaden RealClearPolitics har gjort.
Gjennomsnittsmålinga gir presidentkandidaten til Demokratane ei oppslutning på landsbasis på 45,8 prosent og eit forsprang på 2,4 prosentpoeng. Republikanaren Donald Trump får 43,4 prosent.
Ei utrekning av kor mange valmenn dei to kandidatane ligg an til å få, noko som til sjuande og sist vil avgjere utfallet av valet 8. november, gir Hillary Clinton eit mykje større forsprang.
Dersom dei siste målingane stemmer, hadde Clinton i dag sikra seg minst 209 valmenn. Trump kunne berre ha vore sikker på å få 154.
For å bli den neste presidenten i USA, trengst det støtte frå 270 valmenn. Clinton treng dermed å vinne støtte frå berre 61 av dei 175 valmennene som skal fordelast frå dei 13 delstatane som blir rekna som såkalla vippestatar.
Dersom Trump skal ha eit håp om å vinne, må han blant anna vinne dei 29 valmennene i Florida.
Den siste meiningsmålinga i Florida gir Trump eit forsprang på 4 prosentpoeng. Men samanstillinga av dei siste fem målingane i delstaten viser eit tilnærma dødt løp mellom dei to med 43,4 prosent til Trump og 43,2 prosent til Clinton. (©NPK)