Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Mats Rønning): Fire parti braut ut av forhandlingane, mens Ap og KrF fann saman med regjeringspartia om ulvesone og bestandsmål. No blir avtalen angripen frå to frontar.
npk@npk.no
Publisert: 19.05.2016 kl 12:48
Sist oppdatert: 19.05.2016 kl 15:49
Miljøpartiet Dei Grøne, SV og Venstre meiner bestandsmålet er for lågt og ulvesonene for små, mens Senterpartiet fryktar at avtalen vil gi fleire ulvar og skjerpa konflikt mellom miljøforvaltninga og lokalbefolkninga.
– Å gå frå eit bestandsmål på tre ynglingar og opp til eit intervallmål på 4-6, er inga innstramming. Det er ei utviding, seier Sps parlamentariske leiar Marit Arnstad til NTB.
– Min påstand er at miljøforvaltninga vil legge seg i øvre del av intervallet. Når vi tek med grenseulven kan det i verste fall bli snakk om ni ulvekull. Det vil auke konfliktnivået lokalt, seier ho.
MDG, SV og Venstre meiner på si side at avtalen svekkjer vernet av ulv i Noreg.
– Vi vil vere milevis frå å ha ein levedyktig norsk ulvestamme med denne avtalen, seier Dei Grønes Rasmus Hansson til NTB.
Dei tre partia er kritiske til at ulvesona ikkje blir utvida nordover og meiner dette fint kunne late seg kombinere med den sørsamiske reindrifta. At dei regionale rovviltnemndene vil overta forvaltningsansvaret frå Miljødirektoratet, er dei også kritiske til.
– Det er galskap å sette til sides eit stort og kompetent forvaltningsorgan som Miljødirektoratet og la rovviltnemndene overta. Dei blir sett saman politisk og består i overveldande grad av ulvemotstandarar, hevdar Hansson.
– At Høgre vel å legge ansvarskjensla til sides for å tekkjest rovdyrfiendtlege haldningar i eige parti, er trist, seier han.
Elvestuen viser til at Høgre og Frp, blant anna med hjelp frå Venstre, kunne ha sikra fleirtal for hovudinnhaldet i den opphavlege meldinga til regjeringa.
Naturvernforbundets Lars Haltbrekken meiner avtalen på det nærmaste vil utrydde ulven i norsk natur.
– Viss forslaget går gjennom, og vi får same talet på ynglingar i 2016 som i 2015, risikerer vi masseslakt av ulv til hausten, seier han.
– Det er ikkje så overraskande at det ikkje lét seg gjere å samle alle partia om eit breitt forlik, men denne avtalen har likevel brei støtte på Stortinget, seier ho.
Høgres rovdyrpolitiske talsperson Eirik Milde erkjenner at avtalen vil gjere det krevjande for bønder med dyr på utmarksbeite i ulvesona, men strekar under at rovviltnemndene no kan opne for lisensjakt også her – såframt bestandsmålet er nådd.
– Det har vore viktig for Høgre å få inkludert grenseynglingane og ynglingar utanfor sona, slik at vi no får eit bestandsmål som tek omsyn til all ulv som faktisk oppheld seg i Noreg, seier han.
KrFs Rigmor Andersen Eide erkjenner at hennar parti skil lag med det andre samarbeidspartiet Venstre i denne saka.
– Men vi tek vår del av ansvaret for ein levedyktig ulvebestand, seier ho. (©NPK)