Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Landsforeininga mot seksuelle overgrep ønsker Skam-scene om overgrep på pensum, og Kripos hyller NRK for å ta opp overgrepstematikk.
npk@npk.no
Publisert: 23.05.2016 kl 20:15
Fleire har kasta seg på Skam-bølgja dei siste dagane, etter torsdagens mykje omtalte klipp i suksesserien på NRK.
I klippet tek hovudperson i serien, Noora, eit oppgjer med Nico, storebroren til kjærasten, som Noora mistenkjer har forgripe seg på henne på fest, og teke nakenbilde.
– Du oppheld deg rett og slett i den situasjonen at du kjem til å bli dømt for barnepornografi, seier Noora til Nico før ho ramsar opp paragrafar som ho meiner Nico har brote.
No vert serien hylla i sosiale medium. Fleire peikar på at serien kan hjelpe valdtektsofre og bidra til auka openheit.
– Då eg såg serien tenkte eg at dette er informasjon alle burde vite om som få veit om. Temaet i Skam-klippa er ei viktig sak eg brenn for, seier Lisa Arntzen, sosionom ved Dixi, eit senter for dei som har blitt utsett for valdtekt, til NRK.
Kripos har òg delt klippet på si Facebook-side. Her presiserer dei at Noora refererer til den gamle straffelova, men roser samstundes serien for å bidra til auka openheit.
– Vi håpar at serien vil ha ein påverknad på unge, så mørketala blir mindre og fleire oppsøkjer lege og politi tidlegare. Kripos har sette i gang egne kampanjar, men serien gjev oss litt draghjelp, fortel ho vidare. (©NPK)