Klargjør siden...
Annonse

Skatteprofessor: – Innsyn i skatteparadis er ikkje nok

(NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk) Dokumentlekkasjane frå Panama gjer det meir risikofylt å drive skatteplanlegging. Men at verda får innsyn, stoppar ikkje verksemda, meiner professor i skatteøkonomi.

– Så lenge det finst land som har interesse av å skjule informasjon eller å bidra til å skjule informasjon fordi dei tener på det sjølv, vil denne verksemda halde fram, seier professor i skatteøkonomi ved Handelshøgskulen NMBU, Annette Alstadsæter, til NTB.

– Det nyttar ikkje å snakke om moral, eller å bli indignert. Ein må gjere noko med lovverket og insentiva. I USA går ein no føre ved å ville straffe medhjelparane -finansinstitusjonane – dersom dei ikkje oppfyller rapporteringskrava, seier Alstadsæter.

– Alle veit at dette går føre seg, men det er svært interessant å få vite namn, omfang og få innsyn i dynamikken. Med dei avsløringane blir omdømmerisikoen større. Ikkje alt dette er ulovleg. Men for å delta i lovleg eller ulovleg skattetilpassing, må det ein tener på det vere meir enn kostnaden både i form av pengar og omdømmetap. Ein offentleg gapestokk aukar kostnadene, seier ho. Det same gjer auka sannsyn for å bli oppdaga.

– I seg sjølv hjelper det ikkje så mykje å ha mykje informasjon dersom ein ikkje har moglegheit til å behandle denne informasjonen, seier Alstadsæter til NTB.

– Samtidig må ein vere edruelege i forventningane til auka informasjonsutveksling. Forsking syner at nye avtaler med skatteparadis ikkje nødvendigvis fører til at skjulte utanlandsformuar blir ført tilbake til heimlandet, men at dei i stor grad ser ut til å bli flytta til skatteparadis som heimlandet ikkje har avtalar med.

Annonse