Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): EU krev at Starbucks og Fiat etterbetaler skatt på inntil 30 millionar euro.
npk@npk.no
Publisert: 21.10.2015 kl 11:37
EU-kommisjonen i Brussel meiner skatteavtalen til amerikanske Starbucks i Nederland og Fiat-avtalen i Luxembourg bryt med EU-reglane for statsstøtte. Selskapa må no etterbetale millionbeløp.
– Vi sender eit tydeleg bodskap til dei nasjonale styresmaktene om at dei ikkje kan gi selskap, store som små, urettmessige konkurransefordelar, seier EUs konkurransekommissær Margrethe Vestager til pressa i Brussel.
Utregkinga er komplisert og utgjer etterbetaling på mellom 20 og 30 millionar euro for dei to selskapa, mellom 185 og 278 millionar norske kroner etter dagens kurs.
– Nederland og Luxembourg må krevje dette etterbetalt, seier Vestager. (©NPK)