Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Anine Ahlsand tok gullet på sprinten i junior-VM i skiorientering tysdag.
npk@npk.no
Publisert: 01.03.2016 kl 17:38
Ho vann også gull på Budor i fjor. Ho var også best måndag, men då blei konkurransen annullert og det blei eit nytt løp tysdag.
– Eg har gått teknisk bra. Men fysisk var eg litt meir sliten enn måndag. Uansett er det godt å lykkast også i dag, sa Anine Ahlsand.
– Etter løpet måndag forstod eg at eg hadde «farten inne», og at flyten var bra. Dermed fokuserte eg berre på den tekniske gjennomføringa denne gongen, sa ho.
Den norske jenta var i ein klasse for seg, med nesten 40 sekund ned til finske Liisa Nenonen på andreplass. Bronsevinnar Ljubov Balandina frå Russland var nesten halvanna minutt bak den norske jenta.
Audun Heimdal, som gjekk inn til bronse blant gutane i dag, ser også fram til nye medaljemoglegheiter onsdag.
Nordmannen hadde vel minuttet opp til russiske Vladislav Kiselev på toppen av pallen. Landsmannen Sergej Gorlanov tok sølvet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.