Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Hjuldamparen Skibladner har segla sin siste tur for i år og gir opp resten av sesongen etter to havari.
vaktsjef@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 01.08.2022 kl 09:56
– Så segle vi på Mjøsa i ein sprøkkin holk, song Alf Prøysen. I år har Skibladner vore nettopp det. Sesongen varte berre to veker lang. Skibladner har normalt 20.000 passasjerar. I år vart det litt over 1.000.
Oppland Arbeiderblad skriv at det må beskrivast som ein av dei verste sesongane for hjuldamparen som seglar på Mjøsa. Sesongstart vart utsett på grunn av låg vasstand. Berre fem dagar inn i sesongen vart eit av skovlhjula øydelagde då båten støtte på tømmer i Mjøsa.
I førre veke vart eit stag til ei vakuumpumpe skadd og Skibladner måtte slepast tilbake til Gjøvik. Det vart dropen som fekk begeret til å renne over i Mjøsa.
– I løpet av det 10 siste åra har Skibladner hatt sju dagar med driftsstans. Så kom sommaren 2022 med to store havari og heile sommaren vart øydelagd for både reiarlag og passasjerar, seier marknadssjef Eva Stø i Oplandske Dampskibsselskap.
(©NPK)
Skibladner på tur i 2020. Foto: Heiko Junge / NTB
Skibladner kan segle inn i regnbogen for i år, som han gjorde her i 2020. Foto: Heiko Junge / NTB