Skipsvraket Blücher freda

(NPK-NTB): Den tyske kryssaren Blücher vart søkt 9. april 1940 ved Askholmene i Drøbaksundet. No er vraket freda for å sikre det som krigsminne og gravminne.

Vraket vart freda under ei høgtideleg markering i båt ved Askholmene. Klima- og miljøminister Vidar Helgesen, Tysklands ambassadør Axel Berg, forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen og riksantikvar Jørn Holme var blant dei som var til stades under markeringa.

Det er første gong eit skipsvrak frå andre verdskrigen blir freda i Noreg. Restane etter den tunge kryssaren har stor symbolsk betyding i nyare norsk historie. Senkinga av Blücher 9. april 1940 er rekna som ei militærhistorisk bragd og viktig i kampen mot den tyske nazismen.

Om lag 2.250 menneske var om bord då skipet sokk, og rundt ein tredel omkom.

Fredinga omfattar sjølve vraket og ein sone på 100 meter rundt. Fredinga klargjer jussen rundt dykking ved vraket.

– Det er ei utfordring at det blir fjerna gjenstandar frå eller ved vraket, også gjenstandar frå soldatar. Derfor vil dykkaraktiviteten no bli regulert strengt, og det blir ikkje lov å dykke ved vraket utan løyve frå Norsk maritimt museum, opplyser Riksantikvaren. (©NPK)

Annonse