Klargjør siden...

Skiri blir permanent KBK-trenar

Amund Skiri (45) får fast jobb som hovudtrenar i Kristiansund og har signert ein treårskontrakt med 1.-divisjonsklubben.

Det opplyser Kristiansund. Skiri kom til klubben som erstattar for Christian Michelsen i august, då på kontrakt ut 2023-sesongen.

Søndag leidde Skiri KBK til siger over Kongsvinger i nest siste runde i eliteseriekvalifiseringa. Laget skal møte Vålerenga til dobbeltkamp om ein plass i neste års eliteserie.

– Eg trivst her og har trua på at vi skal få til noko bra i Kristiansund, seier Skiri.

KBK skriv at Skiri passar til dei langsiktige ambisjonane til klubben, og at både spelarar og tilsette har vorte høyrde i tilsetjingsprosessen.

– Amund samsvarer godt med verdiane og strategien til klubben. Han er ein fagmann som har plukka opp mykje av grunnlaget som låg her frå før, og han har bygd vidare på den fantastiske jobben som er gjord i klubben gjennom fleire år. Det er utruleg spennande med Amund som hovudtrenar i KBK, seier sportsleg leiar Eirik Hoseth.

(©NPK)

Amund Skiri har fått treårskontrakt i Kristiansund. Foto: Annika Byrde / NTB

Annonse