Skiskyting: EM-sølv til storebror Bø, bronse til Strømsheim

Tarjei Bø leidde før siste skyting, men måtte nøye seg med sølv på normaldistansen til mennene i skiskyttar-EM. Endre Strømsheim tok bronsen.

Gullet gjekk til bulgarske Krasimir Anev, som med berre eitt tilleggsminutt mot Bøs tre snytte nordmannen for det edlaste metallet. Bø stod nyleg over verdscuprenna i Nord-Amerika og brukar EM som opplading til VM i Østersund i midten av mars.

Stryningen skaut feilfritt på både første liggande og første ståande skyting. På andre liggande måtte han tole eitt tilleggsminutt, og deretter vart det to tilleggsminutt etter å ha stått lenge og kjempa på siste ståande. Dei to bommane øydela gullmoglegheita.

Anev gjekk ut frå siste ståande skyting med leiing på 37 sekund til Bø. Avstanden minska kraftig på sisterunden, men i mål skilde det 3,7 sekund i favøren til bulgararen.

Også tsjekkaren Ondrej Moravec var føre Bø ut frå siste skyting etter berre to tilleggsminutt, men han enda til slutt 18,7 sekund bak stryningen i mål.

21 år gamle Strømsheim var feilfri på både første og andre liggande og hadde ein bom på kvar av dei ståande skytingane. Han hadde 6,7 sekund å ta inn på leiande Anev ut frå standplass, men tapte inn mot mål og måtte nøye seg med bronsen, slått med litt over 11 sekund.

Aleksander Fjeld Andersen opna med feilfri skyting, men fekk ein bom på kvar av dei tre siste standplassopphalda. Det heldt til 10.-plass.

(©NPK)

Tarjei Bø tok sølvet på normaldistansen under EM torsdag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix