Annonse

Skiskyting på NRK til 2022

(NPK-NTB): NRK har sikra seg rettane til VM og verdscupen i skiskyting til og med sesongen 2021/2022.

– Vi er utruleg glade for at NRK med dette kan vidareføre ein stolt tradisjon med å få vise skiskyting til det norske folk i mange år framover, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen i ei pressemelding.

Ved sida av langrenn er skiskyting den mest populære TV-idretten i Noreg.

Den noverande skiskyttaravtalen går ut etter sesongen 2017/2018. Den nye avtalen gir fire nye år med skiskyting på statskanalen.

– Det har vore ein lang og krevjande prosess, derfor følast det ekstra godt at vi endeleg er i mål, seier sjef for rettar i NRK, Runar Østmo.

Skiskyttarpresident Erlend Slokvik er godt fornøgd med at NRK vann rettskampen. (©NPK)