Annonse

Skitne gulrøter til topps i matkonkurranse

(NPK-NTB): Det var «Sjitne gulrøde» frå Jæren som gjekk av med sigeren under Det norske måltid fredag kveld.

Gulrøtene frå Jæren er pakka i ein grå papirpose og har litt jord på seg, noko som skil seg frå det ein ofte finn i matbutikken.

– Vinnaren i år smakar naturleg og gir oss mange gode minner frå barndommen. Vinnaren fortel historia om produktet i klartekst gjennom bodskapen pakningen gir med utsjånaden og sin naturlege smak, skriv juryen ifølge Stavanger Aftenblad.

Det er far og son Jone og Jarle Wiig som driv gartneriet på Orre og produserer dei jærske gulrøtene.

– Tanken bak produktet er å tilby ei gulrot slik den smaksr når den kjem direkte frå åkeren, mest mogleg naturleg, seier Jone til avisa.

Dei to andre nominerte i klassen «Vinnaren i år det grøne – naturelle» var Skjærgaardsløk frå Åsgårdstrand i Vestfold og Snackpaprika frå Miljøgartneriet på Nærbø.

Matkonkurransen Det Norske Måltid blei i år arrangert for åttande gong. Til saman 520 gjester får smake på maten til dei 33 finalistane, og 13 prisar blir delt ut. (©NPK)