Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Paris-terroren gjer at Norges Fotballforbund (NFF) ser nærare på tryggingstiltak framfor cupfinalane, skriv Aftenposten.
npk@npk.no
Publisert: 17.11.2015 kl 08:56
– Det er heilt naturleg for oss å sjå på graden av tryggingsnivå etter det som skjedde i Frankrike, seier arrangementsansvarleg i NFF Dag Vestlund til avisa.
– Det som skjedde i Paris, er utruleg trist. Det gir alle som driv med idrett ein vekkjar, det at våre arrangement blir arena for den type aktivitetar. Idrettsarrangement blir brukt for å skape merksemd, fortset han.
Ein av terroristane i Frankrike hadde billett til Stade de France og oppgjeret mellom Frankrike og Tyskland, men vart stoppa i tryggingskontrollen.
Etter terrorangrepa i New York 11. september 2011, vart Ullevaal gjort om til ei bilfri sone. Då vart også parkeringshuset i kjellaren stengt. Vestlund meiner det er for tidleg å seie om ein skjerpar tryggleiken på same måte under cupfinalane.
Rosenborg møter Sarpsborg på Ullevaal søndag, mens Avaldsnes møter LSK Kvinner i Telenor Arena dagen før. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.