Skodespelar Gina Lollobrigida (95) er død

Den italienske skodespelaren Gina Lollobrigida er død, 95 år gammal. Ho hadde roller i både italienske, franske og amerikanske filmar på 1950- og -60-talet.

Lollobrigida trappa ned skodespelarverksemda på midten av 1970-talet og jobba deretter stort sett som fotojournalist og skulptør.

På 1950-talet vart ho rekna som eit av dei største sexsymbola i verda og spelte i filmar som «Beat the Devil», «Ringeren i Notre-Dame» og «Solomon and Sheba».

Etter kvart trappa skodespelaren ned og byrja i staden å jobbe som fotojournalist på 1970-talet. Då fekk ho mellom anna eit eksklusivt intervju med Cubas president Fidel Castro.

Lollobrigida var ein av dei siste attlevande skodespelarane frå det som blir rekna som Hollywoods gullalder, som varte fram til seint 1960-tal. Hennar siste rolle på lerretet var i den franske komedien «XXL» frå 1997.

(©NPK)

Den italienske skodespelaren Gina Lollobrigida er død, 95 år gammal. Her frå ein filmfestival i Budapest i 1982. Foto: Endre Friedmann / MTI / NTB

Annonse