Annonse

Skodespelar Grethe Ryen er død

Skodespelar Grethe Ryen er død, 70 år gammal. Ho sleit dei siste åra med alvorleg sjukdom.

Annonse

«Vår kjære kollega gjennom meir enn 40 år, Grethe Ryen, er død. Ho var den siste tida alvorleg sjuk og sterkt prega av ALS, men ho arbeidde likefullt heilt til det siste. Seinast for eit par veker sidan hadde ho regi på ei framsyning på Lilleborg Teater saman med sonen sin, Tov. Det er imponerande.», skriv Det Norske Teatret på Facebook-sida si.

Ryen hadde vore fast tilsett skodespelar ved Det Norske Teatret sidan 1977. Blant dei største prestasjonane hennar er tittelrollene i «Heilage Johanna frå slaktehusa» og «Anne Pedersdotter», Milja i «Ungen» og Lovis i «Ronja Røvardotter».

(©NPK)

Grethe Ryen fotografert saman med Morten Espeland (til venstre) og Bernhard Ramstad i samband med eit teaterprogram, der «Måken» av Anton Tsjekhov var trekkplasteret. Foto: Thomas Bjørnflaten / SCANPIX