Annonse

Skodespelar Lise Fjeldstad er forbanna på helseministeren – no svarer Kjerkol

Skodespelar Lise Fjeldstad (83) skuldar helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) for å forsøme eldreomsorga. – Behov for betring, innrømmer helseministeren.

– Eg blir jo forbanna på helseministeren. Ho sit jo med makt. Ho kan gjere noko, sa skodespelar Lise Fjeldstad (83) då ho gjesta programmet Nyheitsmorgon på NRK tysdag.

Fjeldstad er ei av mange som har late seg harmast av dokumentarprogrammet Brennpunkt, der NRK har avdekt kritikkverdige forhold i heimetenesta, der pasientar ikkje har fått den omsorga dei treng.

– Eg er sjokkert. Då eg såg det, vart eg heilt nomen. Det var så utan håp, det var så utan varme. Det var så iskaldt. Det var ein brutalitet i det, ei menneskeforakt. Ein kan ikkje berre lene seg tilbake og sjå på det, sa Fjeldstad, som også langar ut mot helseministeren:

– Ho står med eit smil og seier vi må redusere på utgiftene, vi må prioritere bort, vi må prioritere ned. Vekk med fødeavdelingar, psykisk helse … det går ikkje an! Ho har jo eit høve til å spare pengar viss ho berre gjev seg på denne utbygginga av det nye sjukehuset her i Oslo. Det er ingen som vil ha det, seier Fjeldstad.

Det siste er ein referanse til planen om å leggje ned Ullevål sjukehus i Oslo og byggje to nye sjukehus, ein plan regjeringa stiller seg bak.

Kjerkol: – Tek det på alvor

No svarer Kjerkol på den kraftige kritikken.

– Eg deler engasjementet for ei god eldreomsorg og tek på alvor at det er variasjonar mellom kommunane våre. Historiene som kjem fram er stadfestingar på at det ikkje alle stader er godt nok i dag. Det er behov for betring av dagens eldreomsorg, slår ho fast i eit skriftleg svar til NTB.

Helseministeren tek til orde for at kommunane må ta grep lokalt, men seier òg at staten skal bidra. Ho seier det er avgjerande at dei tilsette har rett kompetanse, og at den enkelte har nok kollegaer.

– Vi har lagt fram ein eigen opptrappingsplan for heiltid og god bemanning i omsorgstenesta. Planen skal bidra til å sikre nok fagfolk med rett kompetanse i omsorgstenesta, seier ho.

– Kva tankar har du om det som har komme fram på NRK?

– Historiene i Brennpunkt gjer inntrykk. Pasientar og brukarar har krav på nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester frå kommunen, seier Kjerkol.

– Livredd

I Nyheitsmorgon sa Fjeldstad, som for tida bur åleine og klarar seg sjølv, at ho er «livredd» for å bli avhengig av omsorg frå det offentlege.

– Eg trur at veldig mange gamle menneske er skrekkeleg redde, når ein også ser kor umenneskeleg det er. Eg synest synd på helsearbeidarane. For dei har så lita tid. Dei skal rekke så mykje på så kort tid, sa Fjeldstad.

På spørsmål om kva som har gått gale når eldre menneske gjev uttrykk for at dei er «livredde» for å bli avhengig av offentleg omsorg, svarer Kjerkol:

– Det trur eg ikkje det er eit enkelt svar på. Eg er oppteken av at vi må sjå framover og finne løysingar.

Og vidare:

– Vi vil saman med kommunane jobbe for eit likeverdig tilbod over heile landet. Det er 356 kommunar i Noreg. Dei har ulik demografi og ulike typar av tenester. Til felles er det at dei alle skal og må handtere at vi blir fleire eldre.

Har fleire planar

Helseministeren viser til fleire prosjekt som allereie er sett i gang. Snart kjem utgreiinga frå Helsepersonellkommisjonen, som skal peike på endringar som kan redusere deltidsbruken.

– Til sommaren legg vi fram eldrereforma vår som mellom anna skal styrkje heimetenesta og samtidig etablere eit eige bustadprogram for eldre sånn at vi betre kan møte samfunnsendringane framover. Ambisjonen vår er å gjere det trygt å bu heime så lenge dei eldre sjølve ønskjer, seier Kjerkol.

Men ho er òg tydeleg på at alt ikkje kan løysast heime hos folk.

– Dersom det einaste tilbodet som kan dekkje behovet for naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgstenester, er ein sjukeheimsplass, så har ein rett til sjukeheimsplass, slår ho fast.

(©NPK)

Skodespelar Lise Fjeldstad har engasjert seg i diskusjonen om eldreomsorga i Noreg, og langa tysdag ut mot helseministeren.
Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier at ho deler engasjementet for ei betre eldreomsorg.
Foto: Heiko Junge / NTB

Annonse