Skogbrannen i Hellas er den største som er registrert i EU

Skogbrannen som herjar i Hellas, er den største som er registrert i EU sidan unionen byrja å samle inn skogbranndata i 2000.

Så langt har over 81.000 hektar brunne i regionen, opplyser EUs sivilforsvarsdirektorat.

Nesten halvparten av dei tilgjengelege brannflya i EU er sett inn i kampen mot flammane, seier EU-kommisjonens talsperson Balazs Ujvari.

Elleve fly og eitt helikopter frå EUs flåte er sendt for å hjelpe Hellas med å få kontroll over brannen i nasjonalparken Dadia nord for Alexandroúpoli. Også 407 brannfolk hjelper grekarane, seier Ujvari.

Dette er andre gong i år at Hellas har aktivert EUs sivilforsvarsmekanisme.

(©NPK)

EU har bidrege med elleve fly og eitt helikopter til å kjempe mot skogbrannen nord i Hellas. Brannen er den største som er registrert i EU sidan unionen begynte å samle inn felles data i 2000. Foto: Thanassis Stavrakis / AP / NTB

Annonse