Annonse

Skogbrannen på Tenerife er ute av kontroll

Rundt 250 brannfolk kjempar mot ein skogbrann på den spanske ferieøya Tenerife. Brannen er ute av kontroll, melder lokale styresmakter.

Brannen, som braut ut tysdag kveld, rasar gjennom eit skogkledd område med bratte ravinar på den nordaustlege delen av øya, som er ein del av Kanariøyane utanfor Nordvest-Afrika.

– Brannen er ute av kontroll. Situasjonen er ikkje akkurat veldig positiv, sa leiaren for den regionale regjeringa, Fernando Clavijo, på ein pressekonferanse seint onsdag.

– Målet vårt er å avgrense brannen. Det har vore ein vanskeleg dag, seier han.

Rundt 250 brannfolk og 13 brannfly og helikopter, inkludert tre sende frå det spanske fastlandet, kjempar mot brannen i vanskeleg terreng. Fem landsbyar er evakuerte som ein forholdsregel på grunn av tjukk røyk.

(©NPK)

Annonse