Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Andreas Skoglund vann kontinentalcuprennet i kombinert i Lahti fredag. Han var fjerde best i hopprennet og sikra sigeren med fjerde beste langrennstid.
Publisert: 17.03.2023 kl 16:40
Skoglund vann eit spurtoppgjer om sigeren med to av dei tre som enda framfor han i bakken, tyskarane Terence Weber og Wendelin Thannheimer. Weber vart slått med 3,4 sekund, Thannheimer med 4,2.
Den 21-årige nordmannen starta langrennet 26 sekund etter hoppvinnar Thannheimer.
Sebastian Østvold vart nummer fem, Kasper Moen Flatla seks og Simen Tiller sju, medan Torje Seljeset på 10.-plass sørgde for at nordmenn utgjorde halvparten av topp ti.
Webar styrkte leiinga i kontinentalcupsamandraget med tre individuelle renn igjen. Han er 200 poeng føre austerrikaren Manuel Einkemmer, medan Thannheimer er nummer tre. Einar Lurås Oftebro er beste nordmann på 5.-plass, men han har ikkje delteke i dei siste kontinentalcuprenna og har Østvold berre ti poeng bak seg.
Det er lagsprint i Lahti laurdag, nytt individuelt renn søndag før kontinentalcupen blir avslutta i Oberwiesenthal neste helg. Då er det renn både for kvinner og menn.
(©NPK)
Andreas Skoglund vann kontinentalcuprennet i kombinert i Lahti fredag. Foto: Geir Olsen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.