Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Lettane i skular og barnehagar fører til at tilsette har større risiko for å bli smitta, meiner Skolenes landsforbund – som kritiserer Arbeidstilsynet.
ketil.bjerke@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 14.01.2022 kl 17:01
Fredag vedtok styret i landsforbundet ei fråsegn om at tilsette i skular og barnehagar verken har hatt eit trygt fysisk eller psykisk arbeidsmiljø i pandemien, noko som ifølgje forbundet er eit brot på arbeidsmiljølova.
Bakgrunnen for uttalen er at regjeringa torsdag endra på tiltaka. Mellom anna er ikkje skular og barnehagar lenger pålagt å ha gult nivå, medan vidaregåande skular har gått frå raudt til grønt. Frå no av skal det òg vere kommunane som bestemmer tiltaksnivået.
Skolenes landsforbund meiner Arbeidstilsynet har svikta dei tilsette.
– Oss kjent er det ikkje gjort nokon som helst sjølvstendige vurderingar frå Arbeidstilsynet om arbeidsmiljøet til tilsette i skular og barnehagar under pandemien, seier forbundsleiar Mette Johnsen Walker til bladet FriFagbevegelse.
Direktør Monica Seem i avdeling for arbeidsmiljø og regelverk i Arbeidstilsynet avviser på si side problemstillinga.
– Arbeidstilsynet kan ikkje vurdere arbeidsmiljøet for undervisningssektoren under eitt. Ei vurdering av om arbeidsmiljøet er fullt forsvarleg må gjerast for kvar enkelt arbeidsplass, for grupper av arbeidstakarar og i nokre tilfelle for kvar enkelt arbeidstakar, seier ho.
(©NPK)
Pandemien har gjort arbeidssituasjonen for lærarar og barnehagetilsette mindre trygg, meiner Skolenes landsforbund, som skuldar Arbeidstilsynet for ikkje å ha gjort jobben sin. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB