Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Dårlege vêrutsikter gjer at det avsperra området etter snøskredet i Longyearbyen blir halde stengt til søndag 3. januar.
npk@npk.no
Publisert: 29.12.2015 kl 18:18
Det er varsla mildvêr og nedbør rundt nyttår, og dette er venta å vare til søndag.
– Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir dette vêret ustabilitet i fjellsida på Sukkertoppen i denne perioden, og på bakgrunn av dette har vi vedtatt å halde oppe ferdselsforbodet av 21.12.2015 fram til søndag. Frå søndag av er det meldt kaldare vêr, som er ein positiv faktor for ei ytterlegare stabilisering av snølaga på Sukkertoppen på litt lengre sikt, skriv Sysselmannen på Svalbard.
Enorme snømassar frå fjellet Sukkertoppen ramma eit tital hus nokre hundre meter frå hovudgata i Longyearbyen laurdag 19. desember.
Den 42 år gamle Atle Husby døydde i sjølve skredet, mens to år gamle Nikoline Røkenes døydde dagen etter på sjukehus.
Som følgje av ulykka har Longyearbyen fått dagleg varsling av snøskredfaren. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.