Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Liverpool-stoppar Martin Skrtel er i samtalar med den tyrkiske eliteserieklubben Fenerbahçe. Tyrkarane stadfestar at dei ønskjer slovaken, ifølgje BBC.
npk@npk.no
Publisert: 07.07.2016 kl 17:39
Overgangssummen vil liggje på rundt 60 millionar kroner, ifølgje Liverpool Echo.
– Liverpool har akseptert eit bod frå den tyrkiske klubben, og Skrtel er klar for å flytte på seg, skriv lokalavisa.
31 år gamle Skrtel starta 21 seriekampar for Liverpool førre sesong, og var kaptein for Slovakia før laget rauk ut av fotball-EM i sommar, men Liverpool-manager Jürgen Klopp er likevel ikkje overbevist. Dei raude frå Merseyside henta i tillegg inn midtstoppar Joel Matip frå Schalke nyleg, noko som aukar konkurransen på stopparplass.
Skrtel kom til Liverpool frå russiske Zenit i 2008.
Fenerbahçe vart nummer to i den tyrkiske eliteserien førre sesong. Klubben har kjente namn som nederlandske Robin van Persie og danske Simon Kjær i stallen frå før av. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.