Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): I februar lova dei rikaste landa i verda å gi minst 6 milliardar dollar til Syria i år, men så langt har FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) sett lite til pengane.
npk@npk.no
Publisert: 15.06.2016 kl 07:27
Fire månader etter givarkonferansen i London er mindre enn ein firedel av dei lova summane gitt, og fem millionar menneske lever framleis i fare. Libanon, Jordan og Tyrkia slit med store flyktningstraumar, og organisasjonen fryktar dei fordrivne risikerer radikalisering.
– Eg trur vi må snakke om denne kollektive svikten, seier UNCHRs regionale koordinator Amin Awad.
Av dei 6 milliardar dollarane som vart lova, er berre 2,5 gitt, ifølgje flyktningkommissæren. Det er rundt 60 millionar flyktningar i verda, meir enn nokon gong tidlegare. Ein tredel av flyktningane er frå Midtausten og områda rundt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.