Klargjør siden...

Skular i Mo i Rana også evakuert etter Jodel-truslar

(NPK-NTB): Polarsirkelen vidaregåande skole i Mo i Rana er stengt etter nye truslar på appen Jodel. Politiet trur dei om kort tid vil spore opp dei som står bak.

Trugslane i Mo i Rana er reine kopiar av dei som blei sendt i Mosjøen tysdag, berre med ei endring av namn på skolen.

– Vi er i tett kontakt med nettstaden, som har i sine vilkår at du som bruker samtykkjer i å ikkje vere anonym dersom det skjer kriminelle handlingar, seier operasjonsleiar Vegard Vordal i Nordland politidistrikt til NTB.

Dei som står bak trugslane, risikerer fengsel eller bøter, ifølge Vordal.

Politiet overvaker no nettsamfunnet sjølv, samtidig som det kjem inn tips om trusselmeldingar. Den siste så langt kom klokka 10.30. (©NPK)

Annonse