Skuleangrepet: 11-åring og 15-åring alvorleg skadde
(NPK-NTB-TT): Ein 11-åring og ein 15-åring blir opererte for alvorlege skadar etter skuleangrepet i Trollhättan, opplyser sjukehuset.
Dei to er begge påført stikkskadar, opplyser sjukehuset NÄL i Trollhättan.
Også ein lærer og ein mistenkt gjerningsmann får behandling på sjukehuset, oppgir kommunikasjonssjef Niklas Claesson til Sveriges Radio.
Ein maskert gjerningsperson gjekk til angrep med sverd på Kronan skule i bydelen Kronogården torsdag formiddag.
Ifølgje TV4 er det fleire skuleelevar som ikkje slepp ut av klasseromma, mens pårørande ventar utanfor. Reporteren til lokalavisa TTELA melder at mange barn står inne i eit klasserom og bankar på vindauga mot dei vaksne som står utanfor. (©NPK)