Annonse

Alle redda frå dinglande gondol i Pakistan

Alle som var om bord, er redda ned frå gondolen som tysdag vart hengande og dingle over ein djup dal i Pakistan, opplyser pakistanske styresmakter.

Fungerande statsminister Anwaar-ul-Haq Kakar skriv på X/Twitter at alle barna er redda ned. Nyheitsbyrået AFP melder at alle åtte om bord er redda.

Det var sju mindreårige og ein lærar om bord i gondolen då den eine kabelen rauk. Det gjekk føre seg ein redningsaksjon med helikopter fram til det vart mørkt på staden.

Det vart også jobba med å redde barna ein etter ein ved hjelp av ei plattform som vart hengd i kabelen.

Barna, som ifølgje BBC er mellom 10 og 16 år gamle, var på veg til skulen då ein kabel rauk på taubanen rundt 275 meter over bakken klokka 7.15 lokal tid.

Gondolen dei sat i, var då omtrent midtvegs mellom dei to toppane i det avsidesliggjande fjellområdet i Allai i Khyber-Pakhtunkhwa-provinsen. Fjellområdet ligg nord for den pakistanske hovudstaden Islamabad.

– Gondolen heng i eit enkelt tau. Det er minst åtte personar i heisen, og dei fleste av dei er skulebarn, sa Abdul Basit Khan, ein høgtståande tenestemann for redningstenesta i provinsen, til AFP tidlegare tysdag.

Barna vart sitjande fast i den dinglande gondolen i fleire timar utan verken mat eller drikke.

Den pakistanske hæren hjelpte til i redningsaksjonen med redningshelikopter, men ifølgje krisebyrået i landet gjorde sterk vind forholda krevjande. Vinden frå rotorblada bidrog også til å skape uro i gondolen.

Fleire elevar bruker gondolen i Allai kvar dag for å komme seg til skulen på grunn av manglande infrastruktur i området. Dersom dei skulle gå i staden, ville det ta dei to timar. Før kabelen rauk tysdag hadde heisen allereie køyrt fram og tilbake til skulen fire gonger.

(©NPK)

Gondolen var omtrent midtvegs mellom dei to toppane i det avsidesliggjande fjellområdet i Allai i Khyber-Pakhtunkhwa-provinsen i Pakistan då den eine kabelen rauk. Foto: AP / NTB

Annonse