Annonse

Skulefri i Zimbabwe etter at 135.000 lærarar er suspenderte

Ein lærarstreik i Zimbabwe har ført til at 135.000 lærarar har vorte suspenderte frå stillingane sine etter at dei ikkje møtte på jobb.

Nokre skular har vorte fullstendig forlatne utan verken lærarar eller elevar til stades.

Lærarstreiken er inne i andre veke, og handlar mellom anna om lønnsvilkår. Nokre lærarar seier dei har så dårleg råd at dei ikkje kan pendle frå heimane sine til skulen dei jobbar på.

Snittlønna for lærarar i Zimbabwe ligg på rundt 900 kroner i månaden.

Ifølgje fagforeiningane er det no berre 5.000 lærarar som ikkje er suspenderte.

– Regjeringa har i praksis stengt skulane ved å suspendere meir enn 90 prosent av lærarane, seier ein representant for ei fagforeining til AFP.

Lønnstvisten mellom lærarane og styresmaktene strekkjer seg tilbake tre år, då styresmaktene gjekk frå å betale lønna i amerikanske dollar til zimbabwiske dollar. Verdien til zimbabwiske dollar har vorte svekt av inflasjon.

(©NPK)

Klasserom over heile Zimbabwe står tomme etter at 135.000 lærarar har vorte suspenderte fordi dei streika. Her frå Harare. Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / AP / NTB