Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Føraren av ein skuter køyrde opp på sida av og prøvde å stanse lastebilen som meidde ned mange titals menneske i Nice torsdag kveld.
npk@npk.no
Publisert: 15.07.2016 kl 17:30
Mannens innsats vert omtalt som heroisk i avisa Nice Matin. Ifølgje ein video som avisa har fått tilgang til, ser skuterføraren opp og slepp taket i køyretøyet i eit forsøk på å opne døra inn til førarhuset.
Den tyske journalisten Richard Gutjahr fortel til AFP at han stod på ein hotellbalkong med utsikt over Promenade dess Anglais og så det som skjedde.
– Ein motorsyklist som køyrde bak, prøvde å køyre forbi og sjølv opne fordøra til lastebilen. Men han fall og hamna under hjula, seier han.
Det er ikkje kjent korleis det gjekk med skuterføraren. Han seier han såg to politifolk som opna eld mot lastebilen, og at køyretøyet deretter akselererte og køyrde sikksakk gjennom folkemengda.
– Like etter så eg tolv livlause menneske, og det var klart at det ville bli fleire, fortel Gutjahr. (©NPK)