Sky Sports: Chelsea får snakke med Pottar om managerjobben

Chelsea jaktar på ein erstattar for Thomas Tuchel. London-laget har fått løyve frå Brighton til å ha samtalar med Graham Potter, melder Sky Sports.

Nyheita kjem få timar etter at Chelsea opplyste om Tuchel-sparkinga. Potter er blant oddsfavorittane til å bli ny manager på Stamford Bridge.

Den engelske 47-åringen har dei siste åra gjort underverk i Brighton. Sørkystlaget spelar underhaldande fotball og er nummer fire på Premier League-tabellen etter seks rundar.

Tuchel vart fjerna frå Chelsea-jobben under fire månader etter at klubben fekk nye eigarar. I mai tok eit amerikansk konsortium leidd av Todd Boehly over styringa.

(©NPK)

Brighton-manager Graham Potter er ein ettertrakta mann. Foto: Gareth Fuller / PA / AP / NTB

Annonse