Sky Sports: Juventus har akseptert United-bod på Rabiot

Manchester United er samd med Juventus om ein overgangssum for den franske midtbanespelaren Adrien Rabiot, melder Sky Sports.

Dermed ligg det an til at Rabiot blir Premier League-spelar om kort tid. Han kom gratis til Juventus frå Paris Saint-Germain i 2019 og har eitt år igjen av kontrakten med Serie A-klubben.

Ifølgje Sky Sports skal Juventus vere tilfredse med å selje Rabiot på noverande tidspunkt. Den påståtte semja om ein overgangssum opnar opp for at United kan forhandle med franskmannen om ein kontrakt.

United har lenge hatt som mål å forsterke den sentrale midtbanen sin. Klubben mista dessutan Paul Pogba til nettopp Juventus tidlegare i sommar.

Premier League-klubben har også vore kopla til Barcelonas Frenkie de Jong i lengre tid.

(©NPK)

Manchester United-manager Erik ten Hag kan få Adrien Rabiot inn i stallen, ifølgje britiske medium. Foto: Asanka Brendon Ratnayake / AP / NTB

Annonse