Klargjør siden...

Skyhøge elprisar skaper nervøsitet i Europa

Europa har fått hjula i sving igjen etter pandemien. Auka etterspurnad etter energi har sendt straumprisane til nye høgder, og forbrukarane fortvilar.

Energiforsyningane kjem til kort. Dermed blir det nye rekordar i gass- og straumprisane dag etter dag. Blant landa som har opplevd rekordhøge nivå, er Tyskland, Frankrike, Spania, Sverige og Storbritannia. Også forbrukarar i Noreg har fått merke dei skyhøge straumprisane.

Mildvêret som pregar store delar av Europa, har hjelpt lite. Det er heller ikkje mykje håp om at prisane flatar ut med det første.

Den italienske ministeren Roberto Cingolani uttalte denne veka til nyheits- og marknadsdatabyrået Bloomberg at han reknar med at straumprisane vil auke med 40 % i tredje kvartal.

Ny prisrekordar

Britane må òg grave djupt i lommeboka om dagen. Straumprisen i England på onsdag ville liggje på nesten 30 kroner per kwh. Det er soleklar ny prisrekord, skriv Europower.

Europower skriv òg at den nordiske systemprisen aldri har vore høgare enn denne veka, då han nådde 108,83 euro/MWh, tilsvarande 110,5 øre/kwh.

Førre prisrekord var 14. desember 2010 då systemprisen var 103,25 euro, skriv nettstaden.

Det svenske nyheitsbyrået TT melder at straumprisen aldri har vore så høg i Sverige, i alle fall ikkje i Sør -Sverige. Rekordane blir no slått på rekkje og rad, med ny pristopp denne veka på 163 svenske øre / kwh.

Vinteren kan bli tøff

Johan Sigvardsson, straumprisanalytikar i Bixia, meiner at det er mykje som tyder på at det høge prisnivået held fram i vinter.

– Dersom det blir kaldare enn normalt, kan det bli veldig, veldig dyrt, seier han til TT.

Det var svært varmt og det regna mykje i Sverige førre veke, men det spelte inga rolle for utviklinga. Straumprisen førre veke i Sør-Sverige var den dyraste nokosinne, til og med når ein samanliknar med kalde januar- eller februarveker.

Ei av forklaringane er mindre vatn i magasina. Det har så langt vore mindre regn enn i fjor.

– Det er eit stort underskot på vatn i både Sverige og Noreg, seier Björn Björnsson, analytikar i straumhandelsselskapet Godel.

– Men vi har høgare prisar i heile Europa no, vi er i same båt, seier han.

Må redusere avhengnad

EUs klimasjef Frans Timmermans meiner at prisstiginga viser behovet for å redusere EUs avhengnad av importert fossilt brensel. Han meiner overgangen til grøn energi må påskundast, ifølgje euobserver.

– Gass- og elektrisitetsprisane har stige til eit historisk nivå i EU-medlemslanda den siste månaden. Karbonprisane nådde eit rekordhøgt beløp på meir enn 60 euro (over 1.000 kroner) per tonn førre veke, opplyste Timmermann i ein tale til EU-parlamentet tysdag denne veka.

– Høge rekningar påverkar allereie verksemder og hushald over heile EU, sa Timmermans.

Han la til at kostnadene for fornybar energi har halde seg låge og stabile.

– Vi har ikkje råd til at vi får sosial motstand mot klimatilpassing. Dette er ein trussel som har vorte tydeleg i diskusjonen om prisauken i energisektoren, meiner han.

Stig med 20 prosent

Auka gass- og straumprisar er ikkje særleg populært hos folk flest.

Men hushald over heile Europa må vente ei prisstigning på energi på 20 prosent, ifølgje Citigroup Inc.

– Politikarar har berre så vidt byrja å kjenne sinnet til veljarane, men presset om å gjere noko vil berre vakse når kulda set inn, seier Ronald Smith, senioranalytikar ved BCS Global Markets

Den kraftige prisauken vil utvilsamt føre til at fleire regjeringar vil setje inn tiltak for å lette belastninga for forbrukarane. Både Frankrike, Spania og Hellas har varsla at dei vil lette belastningane for hushalda.

Frankrikes finansminister Bruno Le Maire har lova at dei vurderer å hjelpe forbrukarane med å handtere rekningane.

Styresmaktene har allereie delt ut «energisjekkar» til nærare 5,5 millionar fattige hushald.

– Dei kommande vekene vil vi få sjå om det blir nødvendig å dele ut fleire sjekkar, seier han.

EUs nye utsleppsreglar

EUs nye reglar for å avgrense karbonutslepp har bidrege til auka kraftprisar.

Kraftverk som brenn fossilt brensel, må betale ein pris for kvart tonn karbon dei slepp ut i atmosfæren. Denne prisen har stige nærare 90 prosent i år, skriv Bloomberg.

EUs klimasjef held fast på at dette ikkje må undergrave EUs evne til å ta raske avgjerder om klimatiltaka.

– I staden for å bremse utviklinga på grunn av prisstiginga i energisektoren, bør vi auke takten i det grøne skiftet. Då vil rimelegare fornybar energi blir tilgjengeleg for alle, meiner Timmermans.

(©NPK)

Straumrekningane har gått rett til himmels den siste tida. Det er mange årsaker til det: Europa er i sving igjen etter pandemien og etterspurnaden etter energi aukar, samtidig som det er lite vatn i magasina. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Overgangen til grøn energi kostar. Men på sikt vil fornybar energi bli rimelegare, meiner EUs klimasjef Frans Timmermans. Foto: Frank May / NTB / NPK

Annonse