Skyting: Skuffande norsk EM-innsats i trap

(NPK-NTB): Dei norske skyttarane makta ikkje å prege resultatlista under EM i trap.

I seniorklassa vart Nadir Rghioui beste norske på 60.-plass, mens Sindre Krågsrud vart nummer 74. Begge har levert langt betre tidlegare.

Blant juniorane gjekk det hakket betre med. Martin Larsen vart nummer 30 og Simen Terp fekk 47.-plass. (©NPK)

Annonse