Klargjør siden...

Slår full helikopter-alarm etter Turøy-ulukka

(NPK-NTB): Det europeiske luftfartstilsynet EASA sende torsdag ettermiddag ut hastemelding om at alle Airbus-helikopter av typen AS 332 L2 og EC 225 LP får flyforbod.

Avgjerda frå EASA kjem i kjølvatnet av den foreløpige konklusjonen til Havarikommisjonen om trøyttleiksbrot i hovudgirboksen som mogleg faktor bak Turøy-styrten.

Luftfartstilsynet innførte flyforbod for alle Super Puma-helikopter av typen som styrta (EC 225 LP) same dag som ulykka. Berre dagar seinare blei forbodet utvida til også å gjelde forgjengaren (AS 332 L2). (©NPK)

Annonse