Klargjør siden...

Slettum slår følgje med Iuel og Kloster til EM-semifinale på 400 meter hekk

Elisabeth Slettums 56,72 var godt nok til å ta seg vidare til semifinalen på 400 meter hekk under EM i friidrett i München.

35-årige Slettum vart nummer seks i det første av tre heat under kvalifiseringa på Olympiastadion onsdag formiddag.

Dei tre beste i kvart heat, og dessutan dei tre beste tidene tok seg vidare i meisterskapen, og Slettums 56,72 skulle vise seg å vere nest beste tid blant dei som ikkje tok seg direkte vidare.

Amalie Iuel og Line Kloster er direktekvalifiserte til semifinalane torsdag, og saman med Slettum utgjer dei Noregs trippel på den øvinga.

Iuel, Kloster og Slettum er alle aktuelle for å springe 4 x 400 meter stafett for Noreg i meisterskapen.

(©NPK)

Elisabeth Slettum under kvalifiseringa på 400 meter hekk i EM i München onsdag. Foto: Javad Parsa / NTB.

Annonse