Annonse

Slik vil NFF fullføre førstedivisjon: Spreier kampane, siste runde blir flytta åtte dagar

Norges Fotballforbund har fastsett dei attståande virusutsette kampane i førstedivisjon. Målet om å vere i mål før jul står fast.

Klubbane på nest øvste nivå i norsk fotball har vore hardt ramma av koronakarantenar den siste tida. Spelarar og støtteapparat i Jerv, Kongsvinger, Stjørdals-Blink, Lillestrøm og Åsane har alle vore sett ut av spel.

I alt står det att to heile serierundar og fire utsette kampar i førstedivisjon. NFF publiserte onsdag kveld planen sin for korleis serien skal fullførast.

Til helga blir det berre spelt Tromsø – Ranheim, medan det blir fordelt enkeltkampar utover neste veke. Seks kampar blir spelte måndag 7. desember, og to utsette kampar 10. desember, medan alle kampane i 30. og siste runde blir samtidig spelte klokka 13 søndag 13. desember.

Det er åtte dagar seinare enn den opphavlege planen.

– Først av alt så håpar vi at det går bra med dei som er smitta, og at dei kjem raskt til hektene. Utan mange fleire tilfelle av karantene skal vi komme i mål før jul. Når det gjeld kvalifiseringa til Eliteserien, så må vi få komme tilbake til ho, seier konkurransedirektør Nils Fisketjønn i fotballforbundet.

(©NPK)

NFF jobbar på spreng for å få fullført sesongen for blant andre LSK og Åsane. Foto: Fredrik Hagen / NTB