Sliten Ronaldo står over England-kamp

(NPK-NTB-TT): Real Madrid-stjerna Cristiano Ronaldo spelar ikkje privatlandskampen torsdag mot England. Portugisaren er sliten etter ein lang sesong.

Ronaldo scora på det avgjerande straffesparket i meisterligafinalen mot Atlético Madrid laurdag. Det stod 1– 1 etter ordinær tid på San Siro i Milano, men Real vann oppgjeret etter straffesparkkonkurranse. No er det klart at 31-åringen ikkje blir med Portugalmot England, ein kamp laga brukar som førebuing til fotball-EM i sommar.

– Eg er veldig sliten. Eg har spelt meir enn 4000 minutt med fotball denne sesongen, seier Ronaldo, ifølgje The Guardian.

Portugal møter Island i EM-premieren 14. juni. (©NPK)